Straum og biogass i dei to største busskontraktane i Bergen

Skyss har tildelt kontraktane for å køyre buss i Bergen nord til Tide Buss AS, og Keolis Norge AS har fått kontrakten for Bergen sentrum. Skyss har stilt krav om at dei fleste bussane i nord skal gå på biogass, og at 75 prosent av bussdrifta i sentrum skal vere elektrisk.

_MG_9749.jpg

Det er svært positivt at fylkeskommunen følgjer opp dei ambisiøse planane sine om å fasa inn lavutslippsteknologi i busstrafikken, seiar Nelson Rojas i Energi Vestland. Det er også viktig at det blir satsa på ulike drivstoff som biogass, biodiesel og eldrift i dette anbodet.

Gjennom denne avtalen vil Bergen få på plass viktig infrastruktur for eldrift. Eg vil endå framheva satsinga på biogass, som eg ser på gir eit viktig bidrag til å sikra etterspurnad av lokalprodusert biogass, noko som gjev ringverknader og har stor verdiskapingspotensial.

Det er allereie produksjon av biogass i Bergen og i 2020 vil SNG sin nye biogassfabrikk på Stord vera i drift. Det er svært viktig at biogassen blir brukt lokalt og ikkje forsvinn til dømes til andre byar som satsar på biogass som Trondheim, Stavanger og Oslo. Hordaland fylkeskommune sin biogassstrategi skal legge til retta for auka bruk av lokal biogass og slik eg ser det ligg alt til retta for at dette skal vera mogleg og realisera, avslutta Rojas.

Kjelde: www.hordaland.no