Produksjonsauke i leverandørindustrien

Norsk industriproduksjon gjekk opp 0,8 prosent i perioden mars-mai 2019 samanlikna med tremånadersperioden før, viser sesongjusterte tal. Det var særleg høg aktivitet i petroleumsretta leverandørindustri. På månadsbasis, frå april til mai, var det òg ei lita auke i produksjonen.

Tremånadersendring: veksten i petroleumsretta leverandørindustri held fram

Sesongjusterte tal viser at industriproduksjonen hadde ein vekst på 0,8 prosent i perioden mars-mai 2019, samanlikna med førre tremånadersperiode. Det var særleg høg aktivitet innanfor bygging av skip og oljeplattformer som voks med heile 7,8 prosent. Veksten heng i sær saman med høg aktivitet blant produsentar av oljeplattformer. I tillegg bidrog også næringsgruppa dataindustri og elektrisk utstyrsindustri positivt. Samla sett hadde den petroleumsretta leverandørindustrien ein klår produksjonsauke på 4,1 prosent i denne tremånadersperioden (sjå figur).

Kjelde: www.ssb.no

chart.jpeg