Nye handlingsplanar for alternative drivstoff: Regjeringa ynskjer rask utbygging i heile landet

Regjeringa legg no fram ein handlingsplan for infrastruktur for alternative drivstoff i transport og ein handlingsplan for fossilfri kollektivtrafikk. – Når vi skal ta i bruk nye energikjelder i transportsektoren er det viktig at vi har klart både infrastruktur og kva for løysingar som vi bør satsa på. Ein føresetnad for nye energikjelder i transportsektoren er å legga til rette for at desse kan takast i bruk i heile landet. Med desse planane påpeikar vi viktigheita av å kombinera offentlege verkemiddel med markedsbaserte løysingar, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

handlingsplanlansering statsrdåer klima og samferdsel.jpg

Handlingsplanen for infrastruktur alternative drivstoff inneheld 13 punkt som mellom anna skal bidra til etablering av endå betre infrastruktur for alternative energikjelder for transportsektoren i heile Noreg. Planen gjev ein helthetlig oversikt over innsatsen til regjeringa på området. – Målet vårt er framleis å ta i bruk nye energikjelder for mindre utslepp i transportsektoren, seier Dale. Han påpeikar at regjeringa har høge ambisjonar for klimagassreduksjonar, som òg gjeld bruk av lav- og nullutsleppteknologi i ferjer.

- Me skal halvera utsleppa frå transportsektoren innan 2030. Det betyr at diesel og bensin skal erstattast av batteri, hydrogen og biogass i alt frå personbilar til busser og lastebilar. For å lykkast trengst tydelege krav, og ikkje minst infrastruktur for lading og fylling av det nye, grøne drivstoffet. Stadig fleire har moglegheita til å velja framtidsrettede transportløysingar, takka vera den raske utviklinga i teknologi og lønnsemd. Handlingsplanane viser korleis staten legg til rette for at me skal no klimamåla, seier klima- og miljøminister Ola Elvestuen.

Regjeringa vil fortsetja dagens praksis med å la Enova vera verkemiddelet til staten for å støtta utviklinga av infrastruktur for alternative drivstoff i den tidlege fasen der det er behov for offentleg støtte. – Me ynskjer at etableringa av infrastrukturen så tidleg som mogleg skal vera marknadsdrevet, og på eit tidlegast mogleg stadium skje utan støtte. At det no blir etablert hurtigladestasjoner i Noreg utan statleg støtte, er derfor svært gledeleg, seier Dale.

Også når det gjeld fossilfri kollektivtrafikk er ambisjonane høge. – Det er naturleg at kollektivtrafikken vidare satsar på nye energiformer, og denne planen er eit godt reiskap på vegen mot å nå måla våre, seier Dale.

Les plan for fossilfri kollektivtrafikk i 2025

Les handlingsplan for infrastruktur alternative drivstoff

Kjelde: www.regjeringen,no