#Enovastøtte til pionér havvindprosjekt på norsk sokkel

#Enova har gitt tilsagn om støtte på inntil 2,3 milliardar kroner til Hywind Tampen-prosjektet for å utvikla den første flytande havvindparken i verda som skal forsyna olje- og gassinstallasjonar med fornybar kraft. Vi ser på dette som ein milepæl for norsk industri og som eit første steg som kan utløysa starten på utviklinga av eit hjemmemarknad for havvind i Noreg, seier Nelson Rojas i #Energivestland. Snorre- og Gullfaks-felta er knytt til Equinor Drift Vest organisasjonen som blir drifta frå Bergen noko som gir regionen vår ein viktig posisjon som knutepunkt for denna utviklinga. Vi gratulerer vår partner Equinor og håper på et positivt endelig investeringsbeslutning, sier Rojas.

Kilde: Equinor

Kilde: Equinor

Kilde: equinor

Kilde: equinor

Equinor og partnarane greier ut moglegheitene for å forsyna Gullfaks- og Snorre-felta med straum frå flytande havvind. I dag har partnarskapa fått stadfesta at Hywind Tampen-prosjektet har fått tilsagn om støtte på inntil 2,3 milliardar kroner frå #Enova program for fullskala innovative energi- og klimatiltak.

– Støtta partnarskapet får på Hywind Tampen-prosjektet demonstrerer viljen norske styresmakter har til å investera i og utvikla flytande havvind og fornybar energiforsyning. Med denne støtta har vi tatt eit viktig steg vidare for å kunna realisera prosjektet. No blir det opp til partnarskapet å modna prosjektet vidare til ei endeleg investeringsavgjerd i løpet av hausten, seier Pål Eitrheim, konserndirektør for Nye energiløysingar i Equinor.

Frå før har Næringslivets NOx-fond vedtatt å støtta #Hywind Tampen-prosjektet med opptil 566 millionar kroner i investeringsstøtte.

– Hywind Tampen-prosjektet vil bidra til å vidareutvikla flytande havvindteknologi og redusera kostnader for framtidige flytande havvindsparkar. Dette inneber nye industrielle moglegheiter for Noreg, partnarskapa og norsk leverandørindustri i ein veksande global marknad for havvind, seier Olav-Bernt Haga, prosjektdirektør for Hywind Tampen-prosjektet.

Hywind Tampen kan bli det første prosjektet i verda som forsyner olje- og gassplattformer med kraft frå flytande havvindturbinar. Prosjektet vil gjera det mogleg med lønnsam produksjon av olje og gass frå Snorre- og Gullfaks-felta med låge CO2-utslipp.

Prosjektet kan gi meir enn 200.000 tonn i reduserte CO2-utslipp per år, noko som svarer til utsleppa frå 100.000 personbilar.

Hywind Tampen-vindparken vil bestå av 11 vindturbinar med ein samla kapasitet på 88 MW. Vindparken kan dekke om lag 35% av det årlege kraftbehovet til dei fem plattformene Snorre A og B og Gullfaks A, B og C. I periodar med mykje vind vil delen kunna vera betydeleg høgare.

Dei sju partnarane i Snorre og Gullfaks planlegg for ei mogleg investeringsavgjerd for Hywind Tampen-prosjektet hausten 2019.

Kjelde: Saken er hentet frå www.equinor.no