500 millionar til utsleppsfri næringstransport

Enova varslar ny ordning som skal gje ein effektiv utrulling av nullutsleppløysingar i næringstransporten. Nærare 500 millionar kroner i året blir det øremerkt nye Nullutsleppfondet. Eit av dei første satsingsområda blir å få næringslivet over på elektriske varebilar.

– Dei siste åra har vi brukt rundt ein milliard kroner i året på transportsektoren, med vekt på teknologiutvikling og infrastruktur. Dei øremerkte midla for Nullutsleppfondet gir rom for å setja endå større fart på omstillingen av næringstransporten, seier administrerande direktør Nils Kristian Nakstad i Enova.

Klima- og miljødepartementet har gitt Enova i oppdrag å forvalta eit nullutsleppfond for næringstransporten finansiert over statsbudsjettet. Fondet skal gi fart i marknaden for nullutsleppteknologiar som er prøvde ut og kan leverast i større volum. Enova vil setja av nærare 500 millionar til dette formålet både i 2019 og 2020.

Biogass TINE.jpg

Frå teknologiutvikling til utrulling

Med desse midla meiner #Enova at dei no har rammer til å hjelpa nullutsleppløysingane heile vegen frå teknologiutvikling til full markedsutrulling, uavhengig av kor i løpet dei er.

–Me skal sørga for at verkemidla er på plass og tilpassa dei ulike løysingane. Samtidig er vi avhengig av at næringslivet er villig til å ta steget og ser nytten av å omstilla seg, enten som eit konkurransefortrinn eller for å vera i forkant av kommande reguleringer. Her har òg dei som etterspør tenestene ei viktig rolle å spela gjennom å stilla krav, seier Nakstad.

Enova langsiktige ambisjon for transportsektoren er at bedriftene som skaffar køyretøy og fartøy vel utsleppsfrie løysingar òg når dei ikkje får økonomisk støtte for det.

– Me håper denne ordninga kan gjera Noreg attraktivt for dei som er klare for å rulla ut nullutsleppløysingar for næringstransporten. Effekten av det nye fondet vil likevel vera heilt avhengig av kor raskt teknologien er moden i ulike segment av transportnæringa, og at leverandørane er i stand til å møta etterspørselen.

Vil støtte innkjøp av elvarebil

Ein av satsingane under Nullutsleppfondet blir ei ny støtteordning for innkjøp av batterielektriske varebilar.

– Me tar sikte på å tilby ein veldig enkel og ubyråkratisk løysing der bedrifta i prinsippet kan søka om og få innvilga støtta medan dei er hos forhandleren, seier Nakstad.

Enova vil legga opp til standardiserte støttesatsar basert på motorytinga til bilen, og varslar at støttesatsane vil trappast ned over tid.

– Me har hatt god dialog med aktørar både på brukar- og leverandørsida for å utvikla eit tilbod som treffer godt, og ønsker òg tett kontakt med marknaden når det gjeld utviding av ordninga til å gjelda nye teknologiar, avsluttar Enovasjefen.

Nullutsleppfondet opnar dørene i august. Då blir det òg mogleg å søka støtte gjennom det nye elvarebiltilbudet.

Kjelde: www.enova.no